Årets prosjekt

I år samarbeider vi med Utviklingsfondet, og overskotet vårt går til eit prosjekt dei har i Humla, Nepal.

Humla ligg 2900 meter over havet, klimaet er kaldt og  dyrkingssesongen er kort. Overskotet frå t-skjortesalet går til drivhus for familier i Humla, med drivhus blir dyrkingssesongen forlenga og familier får tilgang til mat heile året. Når familien har fått dekka behovet for grønnsaker, har dei moglegheit til å selje overskotet, og inntektene gir dei råd til å sende barna på skule.

Tidligare prosjekt