2009: FUNPROEIB i Bolivia

I 2009 gjekk overskotet frå salet til organisasjonen FUNPROEIB Andes i Bolivia, som jobbar for å styrke urfolk sin tilgang til og påverknad på utdanningssystemet i Andes-regionen. Over 63 prosent av innbyggarane i Bolivia er ein del av dei 36 urfolksgruppene i landet. Urfolk har både mindre tilgang til utdanning og får ofte utdanning av dårlegare kvalitet enn den folket elles. FUNPROEIB Andes jobbar aktivt for å betre denne situasjonen.

Organisasjonen vart støtta i samarbeid med SAIH (Studentenes og Akademikernes  Internasjonale Hjelpefond).