2013: Utviklingsfondet i Nicaragua

I 2013 gjekk overskotet frå t-skjortesalet til Utviklingsfondet sitt prosjekt Kvinnedeltaking i kooperativer.

Prosjektet har som hovudmål å styrke kvinner sine rettar, inntektsmuligheiter og sosiale status i kooperativrørsla i Nicaragua.

Dette vert sikra gjennom auka deltaking av kvinner i styrer og andre avgjersletakande organ, opplæring i bærekraftige jordbruksteknikkar og ved å arbeide med både menn og kvinner om å auke medvitet om likestilling.