Fred, kjærleik og resirkulering

Kvart år kastar nordmenn rundt 11 kilo klede kvar. Og alle har for mange t-skjorter som ligg i skap og skuffer og aldri vert brukt. Fredensborger ynskjer å gi desse t-skjortene nytt liv gjennom ideen om “Resirkulering for rettferd”. Vi samlar inn brukte t-skjorter, kjolar, barneklede og stoff, gir dei nytt trykk og sel dei vidare. Overskotet går uavkorta til eit årleg valt utviklingsprosjekt.

Fredensborger jobbar for meir fornuftig ressursbruk og rettferdig fordeling av ressursar som viktige premissar for å bygge fred. Ved å kjøpe ei FREDDY-skjorte kan ein bidra til å dempe den aukande avfallsmengda, samstundes som ein støttar eit godt formål.

Vil du kjøpe ei FREDDY-skjorte? Eller kanskje levere inn ei av dine gamle t-skjorter til resirkulering? På Facebook kan du kome i kontakt med oss og finne ut kvar og når neste salsarrangement er. Du finn også kontaktinfo her.

Takk for at du bryr deg!